Velkomen

I ledige stonde, kva skal eg gjere,
I ledige stonde, eg kan'kje la vere
å tenkje på det eg skulle ha gjort,
I ledige stonde, - det vert ikkje stort...

torsdag 5. november 2009

Eit sjeldant syn



Tyssefossen 13. september 2009


Tyssefossen, når eg ser deg slik
med dine kvite slør, du er unik
slik har du synt deg fram i alle år
og med din velde pryda bygda vår.
Ja, det er ikkje så ofte vi får sjå den flotte fossen slik som dette. Men det hender, og då gjeld det å nyte det. Etter som eg har vakse opp i nærleiken av denne fossen, så er det slik eg hugsar den. Då Tyssevatnet vart regulert, vart det brått slutt på denne naturperla. Ja, når den mektige fosseduren vart borte, hugsar eg at det vart vanskeleg å få sove ! Og ofte gjekk turen inn til fossefoten der ein kunne få dusje i spruten frå dei brølande vassmengdene.
Men akk, elektrisk kraft har vi gjort oss avhengig av, og dermed ofra vi denne perla. Men vi får trøste oss med det at av dette vert det vel rein energi...

tirsdag 15. september 2009

Haust


Høgt heng dei, og søte er dei (Ja, plommene altså..)


Ja, då er sommaren over og hausten er her. Men hausten er ei fin tid på mange måtar. Ein kan hauste av naturens rikdom i hagar, i skogen og på fjellet. Nyte den friske og klare lufta, og fargane i fjellet. Ei herleg tid for gode fjellturar.
Og ikkje å forgløyme fårikålen ! Jau, hausten er ikkje så verst.

torsdag 3. september 2009

På 'an igjen


Då er det vel på tide å blogge litt att, lenge sidan sist no. Men det har vel ikkje vore så mange ledige stonde gjenom sommaren...
Men no har vi hausten her så då må det vel verta ei og anna ledige stond.
Alt det jordiske arbeidet er no unnagjort, det står berre att å plukke epla av trea. Kanskje eg skal prøve å legge eplevin ?
Slåttonna gjekk greit i år også. John Inge overtok ein del av forhaustinga heldigvis. Ein vert stiv i nakken og "vesen i hauda" etter nokre timar med traktor og forhaustar.
Ferietur har det vorte og. Heile familien nordover i bobil. Det var fint å sjå Helgelandskysten i godver.
Men det vart lite med spektakulære fjellturar. Kanskje til neste sommar ?

lørdag 21. mars 2009

Killebukken, ser du geita ?

Ein staseleg kar, som ventar på våren.

lørdag 14. mars 2009

Øsestellj !


Kan dette gå bra då ?

Kva er det han prøva på ?

Veit han ikkje at det er lett å bryta gamle bein ?

Kanskje han prøva på å gjere formastelse.

Anj veikkje ta før anj ålkestøyte !

Nei, det må vere bere øsestellj !

onsdag 11. mars 2009

Titt tei...


"Titt tei ! Eg tykte det byrja å verta så ljost der oppe at eg måtte berre opp for å sjå. Og dette ser bra ut ! Men kven er eg ? Vent å sjå. Eg har mykje energi som eg skal få fram etter kvart"

mandag 2. mars 2009

Første vårmånaden




Sjølv om mars kan by på mykje vinter, er det likevel første vårmånaden. Det er godt å tenkje på, våren er ei fin tid.

Men mars er og kattemånaden !

VÅRJAMMERDØGER.
Når sola har snudd og det går mot vår
ja, då er det mange kjensler som rår
Du har vel opplevd å ligge vaken om natta
av remjande, nærast vetlause katta
Men hugs der du byks ut, i berre trusa
dette må til skal det verte fleire pusa...

lørdag 14. februar 2009

Det ploppar og går.


Mykje blåbær i frysaren gav ide'en til å prøve å lage blåbærvin. Blåbær er ikkje det lettaste å lage vin av, p.g.a. stort innhald av naturleg konserveringsmiddel, er den vanskeleg å få i gjæring. Men no har det ploppa lystigt i gjærlåsen ei stund, så det er håp. Eit spanande prosjekt...

Mot ljosare tider


No har vi fått att sola på Leira ! Etter å ha lagt bakom oss det mørkaste av mørketida, er det godt å sjå når sola skin på oss att. Og no er ho her. Rett nok slepp ho ikkje til så ofte, men vi veit at ho er der. Så no går det mot ljosare tider.

Naturopplevingar sommaren 2008

Sist sommar vart det mange fine fjellturar i nærområdet. Her nyt Torill og John Inge naturen i Skipedalen. 24.07.08)
Kårdalen. Torill nyt utsikta. (02.07.08)

Ein fin dag på Lisjehaugen. (25.07.08)


Skårasalen i nydeleg ver. John Inge koser seg. (28.07.08)



Endeleg ! Ved varden på jakta. (31.07.08)




Litt øje å sjå utfor kanten på Oddekloven. (18.08.08)





På Bondalsbakken i kveldssol. (20.08.08)






mandag 9. februar 2009

Jettegryte


Ja, no lyt me slutte å syte,
det vert både tunnel og jettegryte...

tirsdag 3. februar 2009

Innbyding til Bjørkebygd


I mellom høge vakre sunnmørsalpar

ein smal og langstrakt, blågrøn vestlandsfjord

Hit strøymer varme i frå Golfens straumar

og skjenker liv, ein bit av moder jord

Her finns eit lite, men så stort eit rike

for dei som saman kjemper hand i hand

Her finns det alt som fedrene har dyrka

av vørdsam jord og gamalt bondeland



Kom hit til oss og sjå naturens rikdom

kom hit å sjå når skogen haustgul står

Når mark og eng med grønt gjev håp om våren

og vinterkvitt, naturens krefter rår

Ja kom til Bjørkebygd, til fjord og dalar

så rikt på det som er vårt fedreland

Med plog og harv vert jorda nøysamt dyrka

eit folk med røter, seige sterke band



Slik er det skapt vårt fedreland på jorda

med smått og stort, det er vår heilagdom

Her fekk dei bryta jord og byggja landet

ei lat oss tyna slik ein rikedom

Kva er vel Noreg utan sine grender

så mange røter små gjer stamma sterk

Så stor ei synd kan ingen nordmann bera

å leggja aude gamle slekters verk

mandag 2. februar 2009

Geiter er åreite dyr

Sommaren 2008 hadde vi geitekillingar i hagen. Det var populært, særskilt blant borna.






torsdag 29. januar 2009

Leira, natur og anleggsdrift



Vi har ein vakker natur med fjord og fjell på Leira. Når mektige sunnmørsalper speglar seg i ein blank Hjørundfjord, då er det flott å sjå.


Men dei flotte fjella kan og vere farlege. Difor er ein no i gang med bygging av ein rassikringstunnel mellom Leira og Bjørke. Dermed hamna vi nærast midt i anleggsområdet med riggplassen inntil stoveveggen.


Men det tåler vi godt, så lenge vi veit at vi får rassikker veg.