Velkomen

I ledige stonde, kva skal eg gjere,
I ledige stonde, eg kan'kje la vere
å tenkje på det eg skulle ha gjort,
I ledige stonde, - det vert ikkje stort...

tirsdag 3. februar 2009

Innbyding til Bjørkebygd


I mellom høge vakre sunnmørsalpar

ein smal og langstrakt, blågrøn vestlandsfjord

Hit strøymer varme i frå Golfens straumar

og skjenker liv, ein bit av moder jord

Her finns eit lite, men så stort eit rike

for dei som saman kjemper hand i hand

Her finns det alt som fedrene har dyrka

av vørdsam jord og gamalt bondeland



Kom hit til oss og sjå naturens rikdom

kom hit å sjå når skogen haustgul står

Når mark og eng med grønt gjev håp om våren

og vinterkvitt, naturens krefter rår

Ja kom til Bjørkebygd, til fjord og dalar

så rikt på det som er vårt fedreland

Med plog og harv vert jorda nøysamt dyrka

eit folk med røter, seige sterke band



Slik er det skapt vårt fedreland på jorda

med smått og stort, det er vår heilagdom

Her fekk dei bryta jord og byggja landet

ei lat oss tyna slik ein rikedom

Kva er vel Noreg utan sine grender

så mange røter små gjer stamma sterk

Så stor ei synd kan ingen nordmann bera

å leggja aude gamle slekters verk

3 kommentarer:

  1. Lat oss håpe og tru at ikkje gamle slekters verk vert lagt aude og at jorda held fram å verte nøysamt dyrka!

    SvarSlett
  2. Ja, me byrjar å få trua på det no...

    SvarSlett
  3. Ja, trua vil vi ikkje gi slepp på, så å seie meinhalde på den! Takk for vakre bilde og viktige tankar! God lokalpatriotisme er eit godt fotfeste. Eit spørsmål som vi av og til må bryne oss på kan vere dette: Korleis vil vi møte, og opne oss for, noko av det nye, utvikling og dilikt?

    SvarSlett